Spennande Nobel-foredrag om molekylære motorar!
NKS-Bergen har lang tradisjon for å presentere Nobelprisvinnarar i kjemi, og i år tok Mali Husby Rosnes seg av den oppgåva på meisterleg vis. Med utgangspunkt i grundig forarbeid og personleg kjennskap til ein av prisvinnarane fortalte ho den fengslande historia om utviklinga av supramolekylær kjemi frå Lehn, Pedersen og Cram (Nobelprisen 1987) til kontrollert framstilling av molekylære motorar og årets heltar; Stoddart, Sauvage og Feringa.
(Biletet til høgre viser molekylær «bil», les meir i Kudernac et al., Electrically Driven Directional Motion of a Four-Wheeled Molecule on a Metal Surface. Nature 2011, 479 (7372), 208.)
Etterpå kunne arrangementskomitéen Rihannon, Camilla, Inger og Audun (Takk til dykk!!) by på ferske reker og anna godt, til store glede for 25-30 oppglødde kjemikarar. Til neste år står det klar ein stol også til deg!