Julelunsj — Christmas Lunch
Den tradisjonsrike Julelunsjen ved KI blei ei fin samlingsstund for tilsette, emeriti, pensjonistar og studentar. Instituttkoret drog forsamlinga med i lystig sang, og ellers var det rom for både tilbakeblikk, god mat og drøs, og nokre frampek.
Takk til Marit, Reidun og Bjarte som med god hjelp frå entusiastiske phd-studentar stod for arrangementet!
Riktig god jul til alle som har (eller har hatt) Kjemisk institutt som arbeids- og studiestad!