Iselin Cecilie Salmo disputerer torsdag 29. juni 2017
Avhandlingen hennes «Modeling of Polymer Flooding at Adverse Mobility Ratio».beskriver polymerflauming som ein velkjend metode for auka oljeutvinning. Polymer vert tilsett vatnet som blir injisert, noko som endrar eigenskapane til vatn og gjer det meir tjuktflytande. Dette kan resultere i høgare utvinningsgrad av olje.
Avhandlinga har lagt vekt på å forbetre forståinga rundt mekanismane relatert til injeksjon av polymer og viser at det er naudsynt å opparbeide meir kunnskap rundt strøyming av polymerløysningar i porøse media. Doktorgradsprosjektet omfattar simuleringsstudiar av polymerflauming kor olja er mykje meir tjuktflytande enn vatn, og viser til ein akselerasjon av oljeproduksjon når polymer injiseras etter end vassflauming.
Les hele pressemeldingen her :::>