Ina disputerer i dag
MSc Ina Hvidsten disputerer i dag for ph.d.-graden over avhandlinga «The Actinomycete Dietzia sp. A14101. Microbial Biosurfactants: A Semi-Quantitative Study of a Gram-Positive Bacterial Strain.» Opponentar er seniorforskarane Pedro Araujo, NIFES, og Sidsel Marie Nielsen, DTH.
Avhandlinga er eit ledd i arbeidet med å finne miljøvenlege kjemikalium som kan brukast i oljeindustrien. Arbeidet har ført til identifikasjon av ein serie overflateaktive sambindingar produsert av ein bakterie, og det vart kartlagt under kva vilkår desse blir produsert. Resultata gir grunnlag for betre forståing av potensielle bruksområde for denne bakterien i industriell samanheng. Sjå meir utførleg presentasjon her.
Disputasen finn stad i Auditorium 2 (RfB) og tek til kl 10.30.
Velkomne som tilhøyrarar!