Kjekk Nobel-fest i NKS-regi
Som vanleg gav Nobel- og skaldyrfesten i Bergensavsnittet av Norsk Kjemisk Selskap ein fin kombinasjon av spennande vitskap og velsmakande skaldyr mm.
Professor Øyvind Halskau, MBI, førelas på beste vis over Nobelprisen i kjemi som i år gjekk til forskarane som utvikla kryo-elektronmikroskopi for å bestemme strukturen av store biomolekyl og spesielt protein i løysing. Øyvind er i godt selskap: professorane ved MBI har ofte bakgrunn og forskningsinteresser i felt som blir tildelt Nobelprisen i kjemi. Stor takk til Camilla, Inger, Alette, Audun og Rhiannon for eit framifrå arrangement!