Søkjartal til studieprogramma våre
I dag blei førebels søkjartal offentleggjort frå Samordna opptak. Nytt av året er innføring av skjerpa opptakskrav om full fordjuping i realfagsmatematikk (R2), og det var uro for at dette vil gå hardt ut over talet på søkjarar til programma våre. Basert på førebels tal på søkjarar som har prioritert kjemiprogrammet på topp, ser dette ikkje ut til å slå til! I år har vi 23 førstepri-søkjarar mot 21 i fjor. Endringa er liten også for PTEK, 21 mot 22 i 2017. Både farmasi og nanoteknologi viser betydeleg reduserte søkjartal (ned mellom 30 og 40%), til hhv 63 og 23 pri-I søkjarar. Vi vil likevel få godt kvalifiserte studentar til desse studieprogramma. Det nyaste studieprogrammet vårt, medisinsk teknologi, har 76 pri-I søkjarar til 22 plassar og fortset dermed i same spor som i haust. Dette er oppløftande!