NRK Urix — Leiv om kjemiske våpen
På onsdag gav Urix-redaksjonen i NRK ein grundig presentasjon av kunnskapsbasen for bruk av kjemiske våpen i Syria og dei store menneskelege lidingane knytt til dette, sjå her for avspeling av programmet. Professor Leiv Kr. Sydnes står sentralt i det internasjonale arbeidet knytt til avvikling av kjemiske våpen. Han er ein gjennomgangsperson i Urix-programmet og gir m.a. innføring i historia til kjemiske våpen, viser kjemisk struktur av utvalde kjemiske stridsmidlar (ved imponerande tavleteknikk), og tek fram dei etiske problemstillingane som ligg bak forbodet mot kjemiske våpen. Formidling av øvste klasse.