Velkomen til Marius
Hei, eg heiter Marius og er ny studiekonsulent på Kjemisk institutt. Eg administrerer BA og MA programma i nanovitskap og siving. programmet i medisinsk teknologi. Eg har mastergrad i samanliknande politikk frå UiB og har tidlegare jobba som studiekonsulent på Sosiologisk institutt. Når sola skin er eg ofte å finne på eit av byfjella saman med kona og barna mine, og når det regnar sitt eg gjerne heime og les ei god bok. Eg ser fram til å bli betre kjent med dokker