Masterseremoni 2023
På fredag (2. juni) var Aulaen fyllt med bachlor- og masterstudentar som fullfører sine grader i inneverande studieår. Etter lunsj hadde det matematisk-naturvitenskapelige fakultetet invitert alle studentar som har fullført eller kjem til å fullføre ein mastergrad studieåret 2022/2023 til årets masterseremoni. Seremonien er ei feiring av våre flotte ferdige kandidatar, med taler, musikk og pomp og prakt! Eit fast innslag i seremonien er utdeling av diplom, og utdanningsleiar Monica stod for dette på vegne av Kjemisk institutt.