Oppussing av Kjem110-lab

Foto: Marit

Foto: Marit

Undervisningslaboratoria våre i 4. etasje har lenge sett svært nedslitne ut, med tapeten på vei ned frå veggene. Det er naturlegvis ikkje kjekt at dette blir fokus i det første møtet som nye studentar får med eksperimentell kjemi. Samstundes er inventaret på i Kjem110-laboratoriet freda, slik at det er ein omstendeleg prosess å føreta naudsynt vedlikehald. I fjor sommar gjennomførte EIA oppussing av A-delen av Kjem110-labben, og det har no blitt klart at sommarpausen vil bli brukt til tilsvarande oppussing av B-delen. Hjelper det å pusse opp? Sjekk sjølv – i før/etter-biletet! Takk til EIA!