Klassifisering av kjemikalier: Kast eller Merk!

width_400I 2011 blei det innført nytt system for faremerking av kjemikaliar, sams for alle land. Kort fortalt skulle dei (gamle) oransje faremerka gradvis bytast ut med kvite faremerke med raud kant, jamfør figuren. I tillegg vart ein del symbol/piktogram endra, og det kom nye reglar om klassifisering, merking og emballering av kjemikaliar.

Ved utgangen av mai månad kan ordet «gradvis» strykast ut — frå 1. juni er det kun det nye regelverket for klassifisering og merking av kjemikaliar (CLP) som gjeld. Dette har konsekvensar for oss. Kjemikaliar som er innkjøpt etter 2010, vil alt ha korrekt merking.  For kjemikaliar som er eldre enn frå 2011, har vi to val: anten (1) å kaste kjemikaliet i tråd med gjeldande reglar, eller (2) å merke kvar behaldar med nye faresetningar og nye piktogram.

Til (1): Dette er eit glimrande høve til å sanere i kjemikalielageret – Bruk han!

Til (2): Nye merkelappar får du hos Lisbeth. Lukke til!

Legg merke til at ny merking skal på plass snarast og må følgjast opp av romansvarleg. Dette vil bli tema på førstkomande vernerunde.

Spørsmål? Ta kontakt med Lisbeth!

width_640-height_311-mode_max-anchor_middlecenter