Alexander og Jarle vinn Universitetsforlagets lærebokpris!

Foto: Universitetsforlaget

Jarle S. Diesen (HVL) og Alexander H. Sandtorv er velkjente personar for mange på Kjemisk institutt – Jarle som sensor i mange samanhengar, og Alexander som tidlegare phd-kandidat frå KI og no postdoktor og foreleser ved Portland State University. Dei to er i gang med å skrive lærebok om Moderne organisk kjemi og har blitt tildelt Universitetsforlaget sin lærebokpris! Dette er ein pris for beste lærebokidé og vurderinga er basert på eit prøvekapittel og ei kort skildring av prosjektet. Vi gratulerer og ønskjer lukke til med fortsetjinga av skriveprosjektet!!