Tre nye siv.ing.-studium starta opp
Som mange har registrert, startar UiB og MatNat opp tre teknologiske studium i haust, innan høvesvis Medisinsk teknologi, Energi og Havteknologi. I dag blei dette markert med gode og begeistra ord frå mange hald.
Studiet i medisinsk teknologi blir koordinert frå Kjemisk institutt, og Hans-René Bjørsvik har vore sentral i arbeidet med å utvikle studieprogrammet. Grunnemnet MTEK100 skal gå alt i haust. Her er Olav Kvalheim sentral i forhald til å koordinere og etablere hospiteringsplassar ved Haukeland Universitetssjukehus og UiB, medan Tarja Kvalheim (hovudarbeidsplass ved HelseFørde) er ansvarleg for førelesingar og kollokvium. Lukke til med studiet!