Flott formidling på NRK radio

slettenMange har fått med seg at 19 personar fekk lettare problem med pustesystemet etter å ha blitt eksponert for tåregass på Sletten senter.  Det dreier seg truleg om CS-gass, 2-klorbenzalmalonitril.

Hendinga har vekt interesse for kva som karakteriserer ein gass og kva eigenskapar gassar kan ha. NRK radio fekk i dag svært god hjelp av Bjørn Grung til folkeopplysning om gassar generelt og gassar brukt som stridsmiddel. Du kan lytte til intervjuet her – del 6 og 7.

I tillegg til folkeopplysning og deling av fagkunnskap er dette fin presentasjon av Kjemisk institutt og UiB. Veldig bra – og noko som vi gjerne kan bidra oftare med!