Takk Nina!
Etter meir enn 30 år på Kjemisk institutt, kom Nina sin siste arbeidsdag hos oss i dag. I går hadde vi ei god samkome kor instituttet fekk uttrykke kor mykje Nina har kome til å bety både for alle oss som har og har hatt vårt dagleg virke her, for studentar og gjester som har hatt Nina som møtepunkt med Kjemisk institutt, og spesielt for nære arbeidskollegaer innan administrasjonen ved instituttet. Vi ønskjer Nina lukke til med tilveret som pensjonist!