Krav om to sensorar — minst éin ekstern

Stortinget har behandla og i dag vedtatt ny Lov for universitet og høgskular. Trass i gode og vektige motargument, er følgjande endring innført: «Krav om to sensorer ved alle eksamener der vurderingsuttrykket er gradert med karakterskalaen A til F, samt lovfestet krav om uavhengighet til den utdanningen der vurderingen skjer, for minst en av de to sensorene.» For vår del vil dette bety vesentleg auka sensorkostnader og administrasjon, og vesentleg større påtrykk for at våre fagpersoner skal vere ekstern sensor ved andre institusjonar. Det vil vere naturleg at vi ser nøye på val av «vurderingsuttrykk», dvs. om vi i større grad kan bruke Greidd/Ikkje-greidd i staden for A-F. Sjå meir her.