Publisering i MDPI m.fl.

Forlaget MDPI publiserer ein betydeleg andel av forskingsartiklar fra vårt institutt, ofte i tidsskrift med god siteringsindeks. Praksisen som MDPI legg opp til når det gjeld spesialnummer, vart denne veka grundig og sakleg problematisert i KronoI eit debattinnlegg fortel Det nasjonale publiseringsutvalget at det vil bli innført eit nytt nivå X i publiseringsindikatoren. «Ideen med nivå X er å la tidsskrifter eller bokforlag der det er usikkerhet om godkjenning eller avvisning bli gjenstand for offentlig diskusjon og tilbakemelding.» I ein oppfølgingsartikkel fortel Khrono at dette apparatet vil bli aktivert rett over sommaren, og at det vil bli kopla til finansieringsmodellen.  «Men har du en artikkel inne til såkalt «review and resubmit (R&R)» nå, så kan det plutselig vise seg å ikke få noen uttelling dersom den blir publisert i et nivå X-tidsskrift, som senere kanskje blir avvist.»

Eg oppfordrar til å setje seg inn i problemstillinga og å gi ekstra omtanke til val av publiseringskanaler.