Scenario 2030

Fakultetsleiinga har starta eit arbeid for å finne kva organisering av fakultetet som i åra framover vil vere optimal for å sikre godscenario2030logoe arbeidsvilkår for fagfelta våra. Arbeidet tek utgangspunkt i fakultetet sin nye strategi og forventningar til ytre rammevilkår, bygnadsmessige endringar og lokalisering av viktige samarbeidspartnarar i randsona. Det er sett ned ei breitt samansett arbeidsgruppe, leia av dekanen og kor prodekan Anne Marit er nestleiar. Gruppa har frist til 1. desember 2016 med utarbeide sine anbefalingar, og innan dess er det planlagt to allmøte. Det er oppretta ein nettstad for informasjon om arbeidet.  (Foto: Colourbox.no)