Instituttmarkering for Leiv

Den 9. juli blir Leiv Kr. Sydnes 70 år og går av frå professorstillinga. Frå Kjemisk institutt, kollegaer og studentar var det kjekt å samlast 19. juni for å markere og setje lys på ein del av dei mange prosjekta og bidraga som Leiv har ytt opp gjennom åra. Ei rekke talarar var i aksjon, før Leiv sjølv gav sin versjon av livet sitt som kjemikar. Vi ser fram til fortsatt innsats frå Leiv som professor emeritus ved Kjemisk institutt!