HMS-dagen

Mandag 18. juni gjennomførte Kjemisk institutt HMS-dag på og nær Kalfaret Brygghus. SSU(Safety & SUstainability)-manager Tove Lind, Equinor, gav ei innføring i dei mange utfordringane ved Johan Castberg-feltet i Barentshavet, og spesielt bygging av ein god sikkerhetskultur i organisasjonen. For å få til eit kontinuerleg og ekte fokus på HMS er det nyttig å utvikle modellar og perspektiv på sikringstiltak. Gjeldande modell innan Equinor er vist i figuren.

Etter gjennomgang av arbeidsmiljøundersøkelsen for instituttet samt gruppearbeid med sikte mot forbetringstiltak, var det lunsj og deretter omvisning på verkstadar/laboratorium ved det nye fakultetet for Kunst, Design og Musikk (KMD). Av alt interessant var det litografiprosessen og kopling til kjemi som vakte størst interesse. Takk til ass. fakdir. Eli Høie for å ha arrangert omvisning for oss!

Etter ei ny fokusøkt kor PhD-utdanninga vår var tema, var det offisielle programmet ferdig. Mange ønskte å få med seg innføring i ølbrygging mens vi var i gamle Hansa-lokale, og det blei ei hyggeleg avrunding med lite spytting i glasa.