Flott kjemi på Forsker Grand Prix

Kjemisk institutt har tradisjon for at våre flotte PhD-studentar brukar Forskningsdagene og spesielt Forsker Grand Prix som ein god plattform for å profilere faget og seg sjølv, og samstundes få ekstra opplæring og trening i populær forskningsformidling. I årets regionale finale som fann stad på torsdag, stillte Frida og Illimar med sterke bidrag som inneheldt både show og solide fagkunnskapar. Frida gjekk all-in med sin presentasjon av sølv-organiske sambindingar, og laga ein vakker sølvspegel (Tollens test på glukose) på scena.

Ho stillte i Ag-skimrande bukser som dommarpanelet hadde lagt merke til allereie frå Bybanen same morgon, og, uklart om dette vart utslagsgivande, så vart Frida plukka ut som dommarane sitt wild-card for andre avdeling. Der slo Frida til med ein overbevisande forteljing om vegen frå kjemisk syntese til ferdig farmasøytisk produkt, og ho blei belønna med sølv-plass (kva ellers?) og tur til Tromsø for deltaking i den nasjonale finalen! Korleis det gjekk der, kan du sjå på video (Frida kjem inn etter ca 14 minutt).