Cecilie hjelper barista og promoterer kjemi

Som kjemikarar er vi godt kjent med at den molekylære samansetjinga til ei prøve er avgjerande for både fysikalske, kjemiske og sensoriske eigenskaper. Denne forståinga er ikkje like godt etablert i samfunnet ellers, og det var derfor gledeleg at Barista-Christian vende seg til Kjemisk institutt for å få innsikt i den kjemiske samansetjinga av mesterskapskaffien som han var så stolt over. Cecilie tok i mot utfordringa, og resultatet var både ein flott promoteringsvideo for kjemi, og ei sølvmedalje i Barista-NM for Christian. Så er det framleis eit stykke fram til det å utvikle den beste kaffien på basis av kjemiske analysar… Takk til kommunikasjonsgjengen på MN-fakultetet!