(TCLS= Thursday Chemistry Lunch Seminar: 12.15-13 @ Tripletten
For ALL employees at the Chemistry Department!
Nanodagen er eit sikkert teikn på overgangen frå vår til sommar. Årets Nano100-kull presenterer forskningsprosjekta som dei har vore med på gjennom heile våren, i form av ein open posterframsyning i vrimlearealet i 1. etasje, nedanfor kantinetrappa. Arrangementet gjekk av stabelen sist fredag, lett forkorta på grunn av nær kollisjon med masterseremonien. Vinnarar av årets posterpris blei Ranveig, Julie, og Johan – vel fortent!

Foto: Thorstein

Jarle S. Diesen (HVL) og Alexander H. Sandtorv er velkjente personar for mange på Kjemisk institutt – Jarle som sensor i mange samanhengar, og Alexander som tidlegare phd-kandidat frå KI og no postdoktor og foreleser ved Portland State University. Dei to er i gang med å skrive lærebok om Moderne organisk kjemi og har blitt tildelt Universitetsforlaget sin lærebokpris! Dette er ein pris for beste lærebokidé og vurderinga er basert på eit prøvekapittel og ei kort skildring av prosjektet. Vi gratulerer og ønskjer lukke til med fortsetjinga av skriveprosjektet!!

Foto: På høyden
I siste Universitetsstyremøte fekk MOF både nytt navn og ny dekan! Fram til han tek over som dekan, er Per Bakke instituttleiar ved K2, som har ansvar for farmasistudiet. I intervju med På høyden flaggar Per ambisjonar om å gjere «fakultetet til det foretrukne fakultetet i landet for studenter innen medisin, farmasi, odontologi og ernæring.» Han ønskjer også å trekke fakultetet nærare resten av verksemda til universitetet. Vi ser fram imot godt samarbeid!

Foto: UiB
På fredag arrangerte MN masterseremoni i fullpakka Aula, med ca 150 deltakande MSc-kandidatar. Etter fine taler og vakre kunstneriske innslag, mottok MSc-kandidatane, ein etter ein, ei rose og helsingsbrev frå vår dekan. Arrangementet kan anbefalast til veiledarar og studentar – det er plass til fleire kjemistudentar til neste år!
Følgjande representantar er valgt som faste medlemmer i det nye Fakultetsstyret: For gruppe A: Tor Eldevik (MI), Bodil Holst (IFT), og Jan Arne Telle (II). For gruppe B: Lea Svendsen (GFI). For gruppe C: Lill Kristin Knudsen (MBI). For gruppe D: Ida Landmark Fjermestad, og Andreas Trohjell. Som nevnt tidlegare, vil Fakultetsstyret få to eksterne medlemmer: Jannicke Hilland og Jo Døhl.
Husk at i dag, første tysdag i månaden, er Elisabeth hos oss frå kl 1200. Ta gjerne kontakt med henne om BTO-relaterte saker eller berre for å diskutere ein idé!
Universitetsstyret vedtok i går å tilsetje Helge Dahle for 4 nye år som dekan ved fakultetet. Dei vedtok også at Fakultetsstyret ved MN skal utvidast med eksterne styremedlemmer. Konsernsjef Jannicke Hilland, BKK, blir ny styreleiar og med seg får ho instituttleiar ved Kjemisk institutt UiO, dr. scient. Jo Døhl. Hilland har dr. scient.-grad frå IFT, og i den samanhengen samarbeidde ho m.a. med kjemometrigruppa på KI.

Foto. Dagens perspektiv
Valet på dei resterande medlemmene i Fakultetsstyret er også avslutta men ikkje publisert enda. 
Det er likevel klart at Ida, som er i avslutningsfasen på BSc-studiet i kjemi, har fått fornya tillit frå studentane. Vi ønskjer lukke til med arbeidet – du kan lese kva ho vil fokusere på her.
Arbeidet med nytt ventilasjonsanlegg for 4 nye avtrekkskap til 2.dre etasje er no godt i gang. Det skal bli to nye skap på Erwan sitt laboratorium og to nye skap på laboratoriet som Leif har disponert så langt. I tillegg skal det gjerast mindre arbeid på eksisterande anlegg i 3 etg. for tilknyting av 3 punktavsug.
Dette vil tidvis gi noko støy, sjølv om det mest bråkete arbeidet (kjerneboringa) skjer utanfor undervisningstid (16:00 – 09:00 evt. i helger).
I 2011 blei det innført nytt system for faremerking av kjemikaliar, sams for alle land. Kort fortalt skulle dei (gamle) oransje faremerka gradvis bytast ut med kvite faremerke med raud kant, jamfør figuren. I tillegg vart ein del symbol/piktogram endra, og det kom nye reglar om klassifisering, merking og emballering av kjemikaliar.
Ved utgangen av mai månad kan ordet «gradvis» strykast ut — frå 1. juni er det kun det nye regelverket for klassifisering og merking av kjemikaliar (CLP) som gjeld. Dette har konsekvensar for oss. Kjemikaliar som er innkjøpt etter 2010, vil alt ha korrekt merking. For kjemikaliar som er eldre enn frå 2011, har vi to val: anten (1) å kaste kjemikaliet i tråd med gjeldande reglar, eller (2) å merke kvar behaldar med nye faresetningar og nye piktogram.
Til (1): Dette er eit glimrande høve til å sanere i kjemikalielageret – Bruk han!
Til (2): Nye merkelappar får du hos Lisbeth. Lukke til!
Legg merke til at ny merking skal på plass snarast og må følgjast opp av romansvarleg. Dette vil bli tema på førstkomande vernerunde.
Spørsmål? Ta kontakt med Lisbeth!

Velkommen til Kjemisk institutt sin sommerfest onsdag 21. juni kl. 19.30!

Red Sun Restaurant i Kong Oscars gate 4.
Det blir servert en aperitiff og litt fingermat når vi kommer. Deretter blir det hovedrett, dessert og kaffe. Drikke utover dette betaler hver og en selv. Vi tar opp bestilling på forhånd og sender til restauranten.
Påmelding på ark i resepsjonen, husk å krysse av for ønsket rett. Frist 30. mai.
Aperitif and finger food will be served at arrival. Then follows main course, dessert and coffee. Sign up for the summer party on the list in the reception. We pre-order the food, so do remember to register what you would like to eat as well as any allergies.
Deadline for signing up is May 30.