Løypemelding 850MHz’en

 

160429_850MHzEtter nedkjøling først med nitrogen-gass, d160429_Olav__i_verkstadsbyggeteretter flytande nitrogen og no til slutt flytande helium, har magneten kome ned til stabil temperatur tilsvarande flytande helium. Både Jarl og Bruker sin representant er godt nøgde så langt. Det neste og kritiske steget er oppladning av den supraleiande straumsløyfa med heile 250A. Dette er planlagt å skje over 5 dagar og er allereie i gang. Då er det berre å krysse fingane for at alt går vel!

 

Innvendig framstår bygget som nytt og tiltalande, godt og funksjonelt utstyrt, og framfor alt gjennomtenkt i både stort og smått. Olav Audun har gjort ein strålande innsats i alle deler av planlegging og oppfølging av bygget, på vegne av og glede for vårt institutt og dei mange brukarane vi ønskjer velkomne frå andre institutt og institusjonar!

160429_lading_850_utsn160429_verkstadbygget_utsn

 

 

 

Dette betyr at det på tide for instituttet sine tilsette å finne ut kortaste vegen til NNP. Verkstadsbygget ligg innklemt mellom Bioblokka ved HiB og Biologisk instituttet. Tips: Gå rett gjennom kantina til HiB og sving til venstre — her ser du korleis bygget ser ut!