Pub-galleri!

160429_BE_opnar_artikkelvegg
160429_beundre_artikkelvegg_utsnKjemisk institutt sitt nye publikasjonsgalleri blei i dag høgtideleg opna av nestleiar Haug i nærver av mange interesserte kollegaer (Takk for oppmøtet :-)!

Her vil du få eit overblikk over forskningstema ved instituttet og samstundes kunne følgje utviklinga i den vitskaplege produksjonen vår.

Galleriet vil bli komplettert med fleire artiklar så snart underteikna mottek dei (i form av pdf) frå forfattarane. Artiklane må ha sidetal og volumnummer før dei blir hengt opp. Og ja: vi arbeider med å få på plass betre lyssetting.