Aleinearbeid i risikofylt arbeidsmiljø

HMS-avdelinga ipour samarbeid med jurist ved HR-avdelinga har utarbeid informasjon om begrensning av aleinearbeid i risikofylte arbeidsmiljø. Dette er relevant for oss på Kjemisk institutt. Du finn informasjonen her. Legg spesielt merke det som gjeld studentarbeid.

For studentar med eksperimentelle bacheloroppgåver, kan det unntaksvis vere aktuelt med aleinearbeid innanfor regulær arbeidstid, men først etter grundig opplæring og etter at veiledar har gjort ei risikovurdering.

Vi bør unngå at studentar utfører arbeid aleine om kveldar og i helger i risikofylte arbeidsmiljø.  Dersom masterstudentar må arbeide utanfor arbeidstid, bør minst 2 studentar arbeide sammen og det skal på førehand avtalast med rettleiar/vitskapleg ansvarleg. Når situasjonen er slik at ein ikkje kan unngå aleinearbeid, er det viktig å gjere ei risikovurdering på førehand.

Det er viktig å informere om avgrensingar i forsikringsdekninga for studentane våre og kva ansvar dei har for sjølv å teikne fullforsikring. Dette er spesielt viktig i forhald til studentar som ikkje fell inn under den norske folketrygdeordninga.