Sterk Bergen-kontingent på NKS rådsmøte

Norsk Kjemisk Selskap – NKS- har som formål «å virke for kjemiens fremme i samfunn, vitenskap, teknikk og undervisning, samt å representere norske kjemikere og ivareta deres faglige interesser». Verksemda blir leia av Hovudstyret, men det er Rådet som har øvste mynde.  Det årlege rådsmøtet er dermed den avgjerande instansen i NKS, og for 2018 fann dette stad sist fredag. Bergen og UiB var godt representert ved Camilla Løhre samt firkløveret på biletet: Audun, Bengt Erik, Olav og Leiv Kr.

NKS var ei drivande kraft i markeringa av det internasjonale kjemiåret i 2011, og vi ser fram til ei tilsvarande synleggjering av kjemifaget i samband med feiringa av det internasjonale året for periodesystemet, 2019, 150 år etter at Dmitrij Mendelejev konstruerte det første periodesystemet. Vi siterer IUPACIn proclaiming an International Year focusing on the Periodic Table of Chemical Elements and its applications, the United Nations has recognized the importance of raising global awareness of how chemistry promotes sustainable development and provides solutions to global challenges in energy, education, agriculture and health. Dette er ein lissepasning til NKS i deira arbeid for kjemiens fremme i samfunn, vitenskap, teknikk og undervisning.