HMS-dagen
Mandag 18. juni gjennomførte Kjemisk institutt HMS-dag på og nær Kalfaret Brygghus. SSU(Safety & SUstainability)-manager Tove Lind, Equinor, gav ei innføring i dei mange utfordringane ved Johan Castberg-feltet i Barentshavet, og spesielt bygging av ein god sikkerhetskultur i organisasjonen. For å få til eit kontinuerleg og ekte fokus på HMS er det nyttig å utvikle modellar og perspektiv på sikringstiltak. Gjeldande modell innan Equinor er vist i figuren.

Etter  gjennomgang  av  arbeidsmiljøundersøkelsen  for  instituttet  samt  gruppearbeid  med  sikte  mot  forbetringstiltak,  var  det  lunsj  og  deretter  omvisning  på  verkstadar/laboratorium  ved  det  nye  fakultetet  for  Kunst,  Design  og  Musikk  (KMD).  Av  alt  interessant  var  det  litografiprosessen  og  kopling  til  kjemi  som  vakte  størst  interesse.  Takk  til  ass.  fakdir.   Eli  Høie  for  å  ha  arrangert  omvisning  for  oss!
Eli  Høie  for  å  ha  arrangert  omvisning  for  oss!
Etter  ei  ny  fokusøkt  kor  PhD-utdanninga  vår  var  tema,  var  det  offisielle  programmet  ferdig.  Mange  ønskte  å  få  med  seg  innføring  i  ølbrygging  mens  vi  var  i  gamle  Hansa-lokale,  og  det  blei  ei  hyggeleg  avrunding  med  lite  spytting  i  glasa.