Kategori: Hendingar


Tre nye siv.ing.-studium starta opp

Som mange har registrert, startar UiB og MatNat opp tre teknologiske studium i haust,  innan høvesvis Medisinsk teknologi, Energi og Havteknologi. I dag blei dette markert med gode og begeistra ord frå mange hald.2017-08-16_haraldw_opnar2017-08-16_kakefest

Studiet i medisinsk teknologi blir koordinert frå Kjemisk institutt, og Hans-René Bjørsvik har vore sentral i arbeidet med å utvikle studieprogrammet. Grunnemnet MTEK100 skal gå alt i haust. Her er Olav Kvalheim sentral i forhald til å koordinere og etablere hospiteringsplassar ved Haukeland Universitetssjukehus og UiB, medan Tarja Kvalheim (hovudarbeidsplass ved HelseFørde) er ansvarleg for førelesingar og kollokvium. Lukke til med studiet!

Welcome back to school

Hopefully you have all experienced an enjoyable summer vacation! This week we are receiving new and returning students in chemistry and pharmacy as well as to technology programs that include process and petroleum technology, nanotechnology, and for the first time ever, medical technology! Let us continue the proud tradition of the Chemistry Department in welcoming the students in a friendly, helpful and efficient manner!

Foto: Emil Weatherhead Breistein Opphavsrett: UiB

Foto: Emil Weatherhead Breistein Opphavsrett: UiB

Ina disputerer i dag

inaMSc Ina Hvidsten disputerer i dag for ph.d.-graden over avhandlinga «The Actinomycete Dietzia sp. A14101. Microbial Biosurfactants: A Semi-Quantitative Study of a Gram-Positive Bacterial Strain.» Opponentar er seniorforskarane Pedro Araujo, NIFES, og Sidsel Marie Nielsen, DTH.

Avhandlinga er eit ledd i arbeidet med å finne miljøvenlege kjemikalium som kan brukast i oljeindustrien. Arbeidet har ført til identifikasjon av ein serie overflateaktive sambindingar produsert av ein bakterie, og det vart kartlagt under kva vilkår desse blir produsert. Resultata gir grunnlag for betre forståing av potensielle bruksområde for denne bakterien i industriell samanheng. Sjå meir utførleg presentasjon her.

Disputasen finn stad i Auditorium 2 (RfB) og tek til kl 10.30.

Velkomne som tilhøyrarar!

Gode refleksjonar etter ARK

Det kom fram mange gode vurderingar, tankar, bekymringar og konstruktive forslag i etterkant av ARK-presentasjonen på HMS-dagen vår. Takk til alle for det gode engasjementet, og ei ekstra takk til Reidun, Lisbeth og Kristin for organiseringa av dagen og kvelden. Vi kjem tilbake med ei oppsummering og ikkje minst oppfølging av framlegg til tiltak, noko som også vil krevje at vi løfter i flokk.

170621_hms_2     170621_hms_1

Takk til HVL!

Takk for Høgskulen på Vestlandet for å ta godt imot oss på HMS-dagen vår på onsdag, og spesielt STOR TAKK til Marit, Einar Georg og Geir Martin som stolt viste fram laboratorium av svært ulike karakterar men har til felles at dei opnar for spennande undervisning og forskning. Vi skulle gjerne hatt meir tid — kanskje vi får kome igjen ved eit seinare høve?

 

170621_hms_5  170621_hms_4

Masters of June

1706_mscthesesJune is a busy month when it comes to MSc graduations, for students, supervisors and examiners, but even more so for Nina and those serving on the internal reviewer board, headed by Nils Åge.  About 20 theses have been examined thus far, with still a few to go. A big Thank to all involved, and Gratulations!! to the freshly minted Masters!

Iselin Cecilie Salmo disputerer torsdag 29. juni 2017

salmo_iselin_ny_host_2011-jpg-185x201_q85_crop-scale

Avhandlingen hennes «Modeling of Polymer Flooding at Adverse Mobility Ratio».beskriver polymerflauming som ein velkjend metode for auka oljeutvinning. Polymer vert tilsett vatnet som blir injisert, noko som endrar eigenskapane til vatn og gjer det meir tjuktflytande. Dette kan resultere i høgare utvinningsgrad av olje.

Avhandlinga har lagt vekt på å forbetre forståinga  rundt mekanismane relatert til injeksjon av polymer og viser at det er naudsynt å opparbeide meir kunnskap rundt strøyming av polymerløysningar i porøse media. Doktorgradsprosjektet omfattar simuleringsstudiar av polymerflauming kor olja er mykje meir tjuktflytande enn vatn, og viser til ein akselerasjon av oljeproduksjon når polymer injiseras etter end vassflauming.

Les hele pressemeldingen her :::>

Visit Expo2017 @ Kronstad

expo-logo-172

Tomorrow, on June 14 from 10 am to 4 pm, more than 500 new engineers will present their bachelor and master projects with creative stands at Campus Kronstad. This is a great opportunity for insight into the research activities at the Faculty of Engineering and Business Administration at the Western Norway University of Applied Science (aka Høgskulen på Vestlandet).

Nanodagen

Nanodagen er eit sikkert teikn på overgangen frå vår til sommar. Årets Nano100-kull presenterer forskningsprosjekta som dei har vore med på gjennom heile våren, i form av ein open posterframsyning i vrimlearealet i 1. etasje, nedanfor kantinetrappa. Arrangementet gjekk av stabelen sist fredag, lett forkorta på grunn av nær kollisjon med masterseremonien. Vinnarar av årets posterpris blei Ranveig, Julie, og Johan – vel fortent!

Foto: Thorstein

Foto: Thorstein

 

Alexander og Jarle vinn Universitetsforlagets lærebokpris!

Foto: Universitetsforlaget

Jarle S. Diesen (HVL) og Alexander H. Sandtorv er velkjente personar for mange på Kjemisk institutt – Jarle som sensor i mange samanhengar, og Alexander som tidlegare phd-kandidat frå KI og no postdoktor og foreleser ved Portland State University. Dei to er i gang med å skrive lærebok om Moderne organisk kjemi og har blitt tildelt Universitetsforlaget sin lærebokpris! Dette er ein pris for beste lærebokidé og vurderinga er basert på eit prøvekapittel og ei kort skildring av prosjektet. Vi gratulerer og ønskjer lukke til med fortsetjinga av skriveprosjektet!!

Next page →
← Previous page